«Som å bo i oldemors hus. Rommene, innredningen, møblene, alt var så fint. Frokost med hjemmebakt brød og nylagde vafler. Hvit duk, blomster og stearinlys på bordet, flott utsikt. En perle av et sted. Singerheimen er også et museum, det var fint å få høre historien om stedet og omvisning i husene.»

– Vigdis J, Tripadvisor

På Singerheimen i Olden får du den unike sjansen til å overnatte i den autentiske sommarboligen til den amerikanske kunstnaren og mangemilliardæren; W.H Singer Jr. Lev som herskapet sjølv gjorde for 100 år sidan, oppe på bakketoppen i Olden. I finstova kan du synke ned i sofaen som kongar og dronningar har gjort før deg, bestille ein drink frå baren, drøyme deg bort i all kunsten, eller spele på det originale flygelet til Anna Singer.

Vakn opp til dufta av nysteikt brød, og nyt ein smakfull frukost på glasverandaen. Vertane er kunnskapsrike og gir deg gjerne ei omvisning av heile huset. Her kan ein forsvinne inn i den fengslande historia til Singerheimen; ei forteljing om kjærleik, enorm rikdom, filantropi, krig og tragedie.

Singerheimen er ein unik stad, som har blitt tatt godt i vare av eldsjeler gjennom fleire tiår. Det er gjort svært få endringar, noko som gir gjestene ei original og autentisk oppleving. Dette fører også til at ein må gje avkall på einskilde moderne goder som eige bad på rommet, og store dobbeltsengar. Alle rom har delte bad, og dei fleste romma har enkeltsenger. Singerheimen er ikkje eit hotell, men ein stad for deg som ønskjer ei ny og unik oppleving.

Sjølv om eigedomen ligg rett utanfor sentrum i Olden, eit lite steinkast frå cruisekaia og ein kort køyretur frå den verdskjende Briksdalsbreen og Loen Skylift, er Singerheimen si eiga vesle boble med si eiga unike historie. For eigendomen til William og Anna oppe på bakketoppen i Olden, oppfyller fortsatt si opprinnelege oppgåve; å gje eit avbrekk frå den elles pulserande omverda. Eit opphald i fred og ro, med vakre omgjevnader og nysteikt brød.

Hald deg oppdatert

Følg oss på